Vennskapsveka ved Liljevatnet skule

Vennskapsveka på Liljevatnet skuleI veke 43 hadde vi vennskapsveka ved Liljevatnet skule. Vi har jobba ein del på tvers av klassetrinna, med ulike aktivitetar. Deriblant vennskapstre, som alle klassane har dekorert.

Vi har og hatt teiknekonkurranse om å dekorera vennskapsbenken vår. Alle elevane har og laga eit vennskapsarmband til kvarandre.

Veka starta med ei flott fellessamling for heile skulen, der elevar i 7.kl og rektor sa nokre ord. Dette var 24. oktober som og er FN dagen, slik at litt av fokuset var på emnet FN. Vi hadde og skulejogg denne dagen, der dei innsamla pengane gjekk til Forut. Isbilen kom og, som ei gledeleg overrasking for elevane, og delte ut is til alle saman.

Målet for veka er å samkjøra alle elevane og bli betre kjent på tvers av klassane. Det er og viktig å presisera at alle barn bør ha minst ein god venn, og at vennskap er viktig for alle barn.

vennskap-3

Vi hadde og fokus på arbeid mot mobbing denne veka. Kor viktig det er at alle veit kva mobbing/krenkingar betyr, og kor viktig det er å melda frå om dette til vaksne.

Veka vart avslutta med ei fellessamling i foajeen, der vi fekk underhaldning frå elevar i 4. og 6. kl. Elevar frå 7. kl hadde og ein fin tale til oss.

Bilete frå ulike aktivitetar i veka:

Tekst: Ingunn Bente Lie, rektor

 

Comments are closed.