Kjendisjulenissen kom til Liljevatnet

Dagens mest populære på Liljevatnet i dag var julenissen.

Dagens mest populære på Liljevatnet i dag var julenissen.

Kulturskulerektor Bjørn Andersen har neppe gjeve klem til 116 elevar i løpet av 10 minutt nokon gong før. I dag fekk han oppleva dette då han opererte som kjendisjulenisse på den siste adventsamlinga på Liljevatnet skule.

– Er det nokon snille barn her?

– Jaaaaaaaaaa, var det klokkeklare svaret frå dei 116 elevane då julenissen stilte det lite overraskande spørsmålet i føremiddag.

Men han gjorde kanskje elevane litt usikre på korleis dette skulle enda då han innleia med å påstå at det var julafta i dag og at det var det som var grunnen til at han hadde noko med seg i sekken.

– Ja, er det ikkje julafta i dag, får eg berre gå då, sa julenissen til store protestar. Men det vart julegåve på alle. Kvar klasse fekk ein boks med peparkaker og dermed enda det som det måtte, ein suksess der kulturskulesjefen vart den mest populære og ettertrakta personen på Liljevatnet i dag. Og han takka naturlegvis ikkje nei ein klem frå alle elevane.

Rektor Ingen Bente Lie talte og ønskte elevane god jul.

Rektor Ingen Bente Lie talte og ønskte elevane god jul.

Rektor Ingunn Bente Lie helsa elevane ved å visa til at det har vore juleavslutningar i klassane med song, skodespel og mykje anna. Ho gav stor skryt til elevane det dei har framført no i førjulstida. Ho minna også om at no står vi framfor eit nytt år.

– Når vi kjem igjen etter ein velfortent skuleferie, er vi komne i 2017. Då er det tid for å stoppa opp og reflektera over kor langt vi er komne og laga oss nye mål. Kanskje det kan vera at dette året skal eg verta flinkare på skulen, flinkare å syngja og høyra meir på dei vaksne heime og på skulen og vert betre i fotball eller anna idrett, sa rektoren før ho ønskte elevane god juleferie. Siste skuledag er tysdag den 20. desember.

Då er det berre kos.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Fotogalleri

 

 

Comments are closed.