Kartlegg helse- og levekår for barn og unge

Undersøking for barn og ungeI november/desember gjennomfører kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden ei undersøking av helse- og levekåra for barna i desse kommunane.

Undersøkinga vert gjennomført for elevane i femte til 10. årstrinn på alle skulane i Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Også dei føresette til desse elevane er med på undersøkinga. I Askøy vert undersøkinga retta mot elevar frå femte til sjuande årstrinn og føresette.

Undersøkinga vert sendt elektronisk til foreldre og barn med e-post, It´s learning og SMS. Dei føresette må samtykkja til at barna deira kan delta.

Her finn du meir informasjon.

Comments are closed.