Mellombells flytting for elevane på Bjorøy skule

I den vedtekne økonomiplanen for Fjell kommune er det sett av 50 millionar kroner til utbetring av Bjorøy skule. Arbeidet med utbetringa skal etter planen starta like etter skuleslutt i juni 2018 og vera sluttført før skulestart i august 2019.

I samband med budsjettet for 2018 vedtok kommunestyret i desember i fjor at for skuleåret 2018/2019 vil Liljevatnet skule kunna nyttast som avlastningslokale for elevane frå Bjorøy skule medan Bjorøy skule vert rehabilitert.

Det vert lagt opp til at 5.- 7. årstrinn på Bjorøy skule får undervisninga på Liljevatnet skule neste skuleår. Liljevatnet skule har kapasitet til å ta imot desse elevane, og leiinga på skulen arbeider no med å leggja til rette for å ta imot dei om lag 50 elevane i dei tre årstinna frå Bjorøy skule.

Elevane får skyss med buss til og frå skulen, og det vert lagt til rette for at dette skal skje på ein smidig og god måte for elevane. Leiinga på dei to skulane samarbeider tett for at også neste skuleår skal verta eit godt, trygt og lærerikt år for elevane.

Vi samarbeider med foreldregruppa via samarbeidsutvalet og FAU og kjem tilbake med meir informasjon når detaljane for hausten ligg føre. Kontakt gjerne leiinga på skulen dersom du har spørsmål du treng svar på før meir informasjon kjem. Vi tek atterhald om at det kan verta endringar undervegs.

FAU på Bjorøy og Liljevatnet har fått informasjon om mellombels flytting av elevane. Dette informasjonsskrivet går til alle foreldre og føresette på dei to skulane.

Når det gjeld spørsmål om skulestruktur og framtida for Liljevatnet skule viser vi til vedtak i kommunestyret den 14. desember i fjor og sak i kommunestyret forventa behandla i komité for drift og forvaltning og kommunestyret i februar.

Med vennleg helsing

Wilhelm Anglevik                  Renathe Fagerbakke              Dagfinn Ellingsen
skulesjef                                 rektor på Bjorøy skule            rektor på Liljevatnet skule