Kommunestyret har vedteke å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular

Kommunestyret vedtok på måndag å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019.

Kommunestyret slutta seg dermed til innstillinga frå komité for drift og forvaltning der det heiter at elevane på Tellnes skule vert overførte samla til Skogsvåg skule i Sund. Det er ein føresetnad at kommunestyret i Sund er positive til ei slik løysing. I vedtaket heiter det at det vert fremja eiga sak om etterbruk av skulebygning og uteareal.

Når det gjeld Liljevatnet skule, vedtok kommunestyret at elevane samla vert overførte til Brattholmen skule og at kulturskulen held fram i lokala til Liljevatnet skule. Skulen vert etter nærare utgreiing teken i bruk til andre kommunale tenester, til dømes barnehage. I vedtaket går det også fram at skulen framleis vil vera ein samlingsstad i lokalmiljøet til fritid, lag og aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid.

Foreldre og føresette på Tellnes skule vil om kort tid kalla inn til foreldremøte med omvising på Skogsvåg skule. Elvane vert også inviterte på besøk til Skogsvåg før ferien. Alle elevane i noverande Tellnes krins vil frå hausten av få skuleskyss til Skogsvåg skule.

Skulesjefen vil i samarbeid med leiinga på skulane følgja opp vedtaka og leggja til rette for at elevane også frå neste skuleår av får eit godt, trygt og fagleg undervisningstilbod.

Lisbeth Hjelle                                              Dagfinn Ellingsen
rektor Tellnes skule                                       rektor Liljevatnet skule