Innstilling om skulestruktur er klar

Innstilling om skulestruktur er klar

I dag er det kalla inn til møte i komité for drift og forvaltning den 30. april.

Etter høyringa av sakene om nedlegging av skular, føreslår rådmannen å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019.

Forslag Tellnes skule
1. Tellnes skule vert lagt ned med verknad frå 31.07.18.
2. Elevane ved Tellnes skule vert overført samla til Skogsvåg skule, under føresetnad av at
kommunestyret i Sund er positiv til slik løysing.
3. Det vert fremja eiga sak om etterbruk av skulebygning og uteareal.

Forslag Liljevatnet skule
1. Liljevatnet skule vert lagt ned med verknad frå 31.07.19.
2. Elevane ved Liljevatnet skule vert overført samla til Brattholmen skule.
3. Kulturskulen held fram i lokala til Liljevatnet skule.
4. Skulen vert etter nærare utgreiing teke i bruk til andre kommunale tenester, t.d.
barnehage.
5. Skulen vil framleis vere ein samlingsstad i lokalmiljø til fritid, lag og aktivitet på
ettermiddag og kveldstid.

Desse forslaga skal altså til behandling i komité for drift og forvaltning den 30. april. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 7. mai.

 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument:

http://sak.fjell.kommune.no/eInnsyn/Dmb/ShowDmbDocument?mId=178&documentTypeId=MI