Velkomen til Liljevatnet skule

Liljevatnet skule er ein barneskule i Fjell kommune på Sotra. Skulen, som er ein baseskule, stod ferdig i 2005. Hausten 2017 har skulen 108 elevar og 26 tilsette. Vår visjon er ”Læring for fremtiden – i trygghet, utvikling og begeistring”


Besøk av «Barnevakten»

Torsdag 9.november får Liljevatnet skule  besøk av «Barnevakten». Dette er ein kveldsskule for elevar i 5.klasse og deira føresette. Temaet for kvelden er; «Hvordan ta smarte valg på nett, mobil og i spill» og «Hvordan kan jeg positivt engasjere meg i mediehverdagen».

Møtetid fra kl.18.00 til ca kl.20.00.

Saman mot mobbing – Kveldsarrangement for foreldre

I samarbeid med TRYGG I FJELL og BRUK HUE ønskjer vi velkomen til kveldsarrangement Saman mot mobbing for foreldre 15. februar kl. 18.00 – 20.00 i Sotra Arena.

Del 1. Oppfølging av BRUK HUE- foredraget som elevane har hatt tidlegare same dag. Internett og sosiale medium er utfordrande arenaer både for barn og vaksne, og vi treng å vera oppdatert på kva som skjer.

Del 2. Panelsamtale etter modell av Debatten på NRK1. Marco Elsafadi vil leia panelsamtalen.

Her finn du meir informasjon om arrangementet.

Kjendisjulenissen kom til Liljevatnet

Dagens mest populære på Liljevatnet i dag var julenissen.

Dagens mest populære på Liljevatnet i dag var julenissen.

Kulturskulerektor Bjørn Andersen har neppe gjeve klem til 116 elevar i løpet av 10 minutt nokon gong før. I dag fekk han oppleva dette då han opererte som kjendisjulenisse på den siste adventsamlinga på Liljevatnet skule.

– Er det nokon snille barn her?

– Jaaaaaaaaaa, var det klokkeklare svaret frå dei 116 elevane då julenissen stilte det lite overraskande spørsmålet i føremiddag.

Les meir…

Vennskapsveka ved Liljevatnet skule

Vennskapsveka på Liljevatnet skuleI veke 43 hadde vi vennskapsveka ved Liljevatnet skule. Vi har jobba ein del på tvers av klassetrinna, med ulike aktivitetar. Deriblant vennskapstre, som alle klassane har dekorert.

Vi har og hatt teiknekonkurranse om å dekorera vennskapsbenken vår. Alle elevane har og laga eit vennskapsarmband til kvarandre.

Les meir…

Skulepatrulje

SkulepatruljeDå har vi kome i gang med skulepatrulje ved Liljevatnet skule.

Det FAU som har jobba aktivt for å få til dette. Elevar i 7.kl har teke på seg ansvaret for å gjera jobben. I fyrste omgang har vi eit prøveprosjekt på 14 dagar. Det er foreldre som har tilsyn med ordninga.

Dei elevane som er med, synest det er «stas» å vera med på dette.

Kartlegg helse- og levekår for barn og unge

Undersøking for barn og ungeI november/desember gjennomfører kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden ei undersøking av helse- og levekåra for barna i desse kommunane.

Undersøkinga vert gjennomført for elevane i femte til 10. årstrinn på alle skulane i Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Også dei føresette til desse elevane er med på undersøkinga. I Askøy vert undersøkinga retta mot elevar frå femte til sjuande årstrinn og føresette.

Undersøkinga vert sendt elektronisk til foreldre og barn med e-post, It´s learning og SMS. Dei føresette må samtykkja til at barna deira kan delta.

Her finn du meir informasjon.